Forkynnaren 11:9
Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 6:2då såg gudssønerne at mannedøtterne var væne, og tok til konor deim som dei kåra seg.
Numbers 15:39Dei duskarne skal de hava til prydnad, og når de ser på deim, skal de minnast alle Herrens bod og halda dykk etter deim, so de ikkje fer hit og dit etter som hjarta og augo segjer dykk til; for dei lokkar dykk jamleg til utruskap.
Deuteronomy 29:19og som tenkjer med seg, når han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til å føra ulukka yver bygd og by.
2 Samuel 11:2No bar det so til ein dag ved kveldstid David reis upp frå kvila si og gjekk og dreiv på taket på kongshalli, at han såg frå taket ei kona som lauga seg. Kona var ovleg væn å sjå til.
1 Kings 18:27Ved middagsleite tok Elia på å gjøra narr av deim og sagde: «Ropa med sterkare mål! For han er då Gud, må vita; han sit vel og grundar på eitkvart, eller og er han gjengen til sides eller er ute på ferd; eller kann henda han søv, då vaknar han vel.»
Job 31:7Veik mine stig frå vegen av, hev hjarta etter augo gjenge, var det ein flekk på mine hender,