Andre kongebok 18:27
Ved middagsleite tok Elia på å gjøra narr av deim og sagde: «Ropa med sterkare mål! For han er då Gud, må vita; han sit vel og grundar på eitkvart, eller og er han gjengen til sides eller er ute på ferd; eller kann henda han søv, då vaknar han vel.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 25:8Men drag du av stad, gjer det, ver hugheil til striden! Elles vil Gud føra deg til fall for fienden, for Gud hev kraft til å hjelpa og til å fella.»
Psalms 78:65Då vakna Herren som ein sovande, som ei kjempa frå rus av vin.
Ecclesiastes 11:9Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.
Isaiah 41:23Seg frå kva sidan koma skal, so me kann skyna de er gudar. Ja, gjer då noko godt ell’ vondt, so me kann sjå det alt med undring!
Isaiah 51:9Vakna, vakna, klæd deg i kraft, du Herrens arm! Vakna upp som i fordoms tid, som i gamle dagar! Var det’kje du som ubeistet hogg, og sjøormen stakk i hel?
Amos 4:4Kom til Betel og gjer synd, til Gilgal og synda enn meir; kvar morgon slagtoffer ber fram, kvar tridje dagen tiend,