Forkynnaren 5:10
Di meir gods, di fleire til å tæra på det. Kva gagn hev eigaren av det anna enn augnesyn?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 52:1Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David,
Psalms 62:10Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman.
Ecclesiastes 1:17Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og.
Ecclesiastes 2:17Då vart eg leid av livet, for det som hender under soli, tyktest meg vera vondt; alt er fåfengd og jag etter vind.
Ecclesiastes 3:19For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt.
Ecclesiastes 4:8Det hender at ein mann stend åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror; og like vel er det ingen ende på alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er fåfengt, og ei leid møda er det.