Forkynnaren 8:16
Når eg lagde hugen på å få kjenna visdom og å sjå det strævet som dei stræver med på jordi - for korkje dag eller natt fær dei blund på augo -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 127:2Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv.
Ecclesiastes 1:17Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og.
Ecclesiastes 4:8Det hender at ein mann stend åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror; og like vel er det ingen ende på alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er fåfengt, og ei leid møda er det.
Ecclesiastes 7:25Eg gav meg til, og hugen gjekk ut på å kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og få vita at gudløysa er dårskap og narreskapen vitløysa.
Ecclesiastes 8:9Alt dette hev eg set, med di eg gav gaum etter alt det som gjeng fyre seg under soli på ei tid då det eine menneskjet rådder yver det andre til ulukka for det.