Andre Mosebok 15:26
Og han sagde: «Høyrer du vel etter ordi åt Herren, din Gud, og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle loverne hans, so skal du sleppa alle dei sjukarne, som eg hev lagt på egyptarane; for eg, Herren, vil vera lækjaren din.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 9:10So tok dei oska or masomnen, og steig fram for Farao, og Moses kasta henne upp i veret; då kom det ei kaunsott som braut ut på folk og på fe.
Exodus 19:5Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi.
Leviticus 26:3Lyder de no mine lover og agtar på ordi eg tala, og gjer de som eg hev sagt dykk,
Numbers 12:13Då ropa Moses til Herren og sagde: «Å kjære, kjære Gud, gjer henne god att!»
Deuteronomy 7:12Lyder du no etter desse bodi, og kjem deim i hug, og held deim, so skal Herren, din Gud, koma i hug den truskap og nåde han lova federne dine;
Deuteronomy 12:28Lyd då etter alle desse ordi som eg segjer deg no, og ber deim i hugen, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, for di du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren, din Gud!