Andre Mosebok 18:26
Dei skifte då til kvar tid rett millom folket; alle vande saker kom dei til Moses med, men i alle småsaker dømde dei sjølve.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
27So baud Moses farvel med verfar sin, og han for heim att til sitt eige land.
Cross References
Exodus 18:14Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for deim, so sagde han: «Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine, og let heile ålmugen standa uppyver deg frå morgon til kveld?»
Leviticus 24:11Og son til den israelitiske kona - ho heitte Sjelomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å banna Guds namn og spotta det.
Deuteronomy 17:8Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak, eller ei eigedomstrætta, eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i by eller bygd, so skal du gjera deg reidug, og fara upptil den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut.
1 Kings 10:1Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og vilde røyna honom med djupe gåtor.