Andre Mosebok 21:8
Hev husbonden fest henne åt seg sjølv, og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Når ein mann hev selt dotter si til tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengjerne.
9Men hevhan fest henne åt son sin, so skal ho njota same retten som døtterne hans eigne.
Cross References
Genesis 28:8og då Esau såg at Isak, far hans, mislika Kana’ans-kvendi,
Deuteronomy 20:7Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå ikkje halde brudlaup, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan få bruri.»
Deuteronomy 21:14Men vert det til det at du ikkje likar henne lenger, so skal du gjeva henne fri, so ho kann fara kvar ho vil; selja henne skal du ikkje og ikkje fara vanvyrdeleg med henne, sidan du hev livt i hop med henne.
Judges 14:3Då sagde foreldri hans til honom: «Finst det då ingi gjenta hjå frendarne dine eller i heile vårt folk, sidan du vil ganga av og få deg ei kona hjå dei u-umskorne filistarane?» Men Samson svara far sin: «Henne lyt du festa åt meg! Ho er den som eg likar.»
1 Samuel 18:8Då vart Saul brennande harm. Han mislika dei ordi og sagde: «David hev dei gjeve ti tusund; meg hev dei gjeve tusund! No vantar det honom berre kongedømet!»
Malachi 2:11Svik hev Juda fare med, og styggedom hev gjenge for seg i Israel og i Jerusalem; for Juda hev vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og hev gift seg med dotter til ein framand gud.