Ezekiel 1:4
Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:16So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
Deuteronomy 4:11Då kom dei innåt, og stod nedunder fjellet, og fjellet stod i ljos loge til langt upp i himmelen, men rundt ikring var myrker og sky og skodd.
2 Kings 2:11Medan dei so heldt fram og talast ved, skimta det fram ei eldvogn med eldhestar og skilde deim frå einannan. Og so for Elia i stormveret upp til himmelen.
2 Chronicles 7:1Då Salomo hadde slutta bøni si, for det eld ned frå himmelen og åt upp brennofferet og slagtofferi, og Herrens herlegdom fyllte huset.
Psalms 18:11Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.
Psalms 97:2Skyer og myrker er kringum honom, rettferd og rett er grunnvoll for hans kongsstol.