Ezekiel 12:7
Og eg gjorde so som han baud meg; eg budde meg som til å fara i utlægd ved høgste-dagsleite, og um kvelden braut eg meg ut gjenom veggen med handi. Og då det var stumende myrkt vorte, førde eg bunaden min ut; på herdi bar eg honom framfor deira augo.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Og Herrens ord kom til meg um morgonen; han sagde:
Cross References
Jeremiah 32:8Og Hanamel, son åt farbror min, kom etter Herrens ord til meg i vaktgarden og sagde med meg: «Kjøp jordi mi som er i Anatot i Benjaminslandet! For du hev odelsretten, og du hev skyldnaden til å løysa. Kjøp då!» Då skyna eg at det var ord frå Herren.
Ezekiel 12:3Og du, menneskjeson! Bu deg til som du skal fara i utlægd, og far burt um dagen framfor augo på deim, og du skal fara frå der du bur til ein annan stad framfor augo på deim. Kann henda dei kunde koma til å sjå; for ei tråssug ætt er dei.
Ezekiel 37:7Og eg spådde so som eg var fyresagd. Då vart det ei skråving medan eg spådde, og sjå, det tok til å braka, og beini drog seg imot kvarandre, bein til bein.
Matthew 21:6Læresveinarne gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt.
John 2:5«Gjer alt han segjer til dykk!» sagde mor hans til bordsveinarne.
Acts 26:19Difor, kong Agrippa, var eg ikkje ulydug mot den himmelske syni,