Ezekiel 14:19
Eller um eg sende sott i det landet og rende ut harmen min yver det med blod til å rydja ut or det folk og fe,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 16:46og Moses sagde til Aron: «Tak glodfatet; legg i gløder frå altaret, og hav røykjelse uppå, og skunda deg so burt til lyden med det, og gjer soning for deim! For Herren hev slept harmen sin laus - sotti er komi!»
Deuteronomy 28:59skal Herren senda fæle ulukkor yver deg sjølv og yver ætti di, svære og endelause ulukkor og endelause vonde sjukdomar.
2 Samuel 24:15So søkte Herren Israel med drepsott frå morgonen til den fastsette tidi. Sju og sytti tusund mann døydde av folket frå Dan til Be’erseba.
2 Chronicles 6:28Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engspettor og åmor, eller fiendarne deira trengjer deim i det landet der byarne deira er, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er,
2 Chronicles 20:9«Um det kjem nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, farsott eller hungersnaud, då vil me stella oss upp framanfor dette huset for di åsyn, for namnet ditt bur i dette huset; og me vil ropa til deg i naudi vår, og so vil du høyra og hjelpa.»
Psalms 91:6for pest som fer fram i myrker, for sott som tyner um middagen.