Ezekiel 16:37
difor, sjå, so samlar eg alle dine elskarar, som du tektest, og alle som du elska med alle som du hata, og eg vil samla deim imot deg frå alle leider og nækja di skam framfyre deim, og dei skal få sjå all di skam.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Jeremiah 4:30Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet.
Jeremiah 13:26So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlit, so di skam vert synberr.
Lamentations 1:8Storleg hev Jerusalem synda, difor hev ho vorte eit styggje. Alle dei som æra henne, vanvyrder henne, for dei såg hennar skam. Ja, ho sjølv sukka og snudde seg ifrå.
Ezekiel 23:9Difor gav eg henne i henderne på hennar elskarar, i henderne på Assurs-sønerne, som ho hadde lysta etter.
Hosea 2:3Elles skal eg klæda av henne, so ho ligg naki: Eg skal te henne fram som den dagen ho vart fødd. Eg skal gjera henne lik ei øydemark og ei turr-audn, og lata henne døy av torste.
Hosea 8:10Men kor so dei tingar millom folki, so skal no eg like vel klemba deim i hop og lata deim få ei låk tid under storkongens trælking.