Ezekiel 16:38
Og eg vil lata same domen ganga yver deg som yver horkonor og slike som spiller blod, og eg vil gjera deg til eit blodigt offer for brennande harm og åbry.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 38:11Då sagde Juda til Tamar, sonekona si: «No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen!» For han tenkte: «Elles kjem han og til å døy, som brørne hans.» So for Tamar heim att, og budde hjå far sin.
Exodus 21:12Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.
Numbers 35:16Den som slær ein med eit jarnhandyvle, so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numbers 35:18Tek nokon eit trehandyvle som dei kann drepa folk med, og slær ein med det, so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numbers 35:31De må ikkje taka imot løysepengar for ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.
Deuteronomy 22:24so skal de stemna båe tvo for retten, og so steina deim i hel, gjenta for di ho ikkje ropa på hjelp, endå det var i byen dette hende, og mannen for di han hev skjemt ut annan manns festarmøy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.