Ezekiel 16:44
Sjå, alle som brukar ordtøke, skal hava dette til ordtak um deg: «Som mori, so dotteri.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 21:16Då Ahab høyrde at Nabot var dåen, stod Ahab upp og gav seg på vegen til vinhagen åt jizre’eliten Nabot og vilde eigna honom til seg.
2 Kings 17:15Dei vanda lovarne hans, brydde seg ikkje um den pakti han hadde skipa med federne deira, og dei fyresegnerne han hadde gjeve deim. Dei gjekk etter fåfengde avgudar og for med det som fåfengt er, liksom grannefolki, endå Herren hadde bode deim at dei skulde ikkje fara soleis åt.
Ezra 9:1Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne.
Ezekiel 12:22Menneskjeson! Kva er det for eit ordtøke de hev i Israels land, at de segjer: «Dagarne gjeng, og kvar ei syn vert upp i inkje?»
Ezekiel 16:45Du er dotter åt mor di, som stygdest ved mannen sin og borni sine, og du er syster åt systerne dine, som stygdest ved mennerne og borni sine: ei hetitkvinna er mor dykkar og ein amorit far dykkar.