Ezra 9:1
Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 15:16Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritarne, fyrr målet er fullt.»
Exodus 13:5Når då Herren hev fylgt deg til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og hevitarne og jebusitarne, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudstenesta på denne visi i denne same månaden;
Exodus 33:16«Kann då nokon vita at du hev godvilje for meg og for folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag i heile verdi?»
Leviticus 18:24Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar;
Numbers 23:9Frå høgste nuten ser eg han, frå haugarn’ eg augna kann: Ein lyd som liver for seg sjølv. Med heidningfolk held han’kje lag.
Numbers 25:6Best det var, kom ein av Israels-sønerne med ei kvinna frå Midjan, og leidde henne heim til sitt eige folk midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, med dei sat og syrgde i møtetjelddøri.