Ezekiel 17:3
Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Den store ørnen med dei store vengjerne, dei lange slagfjørerne, og fjørhamen fullsett med spriklute fjører, kom til Libanon og tok toppen av cedertreet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Menneskjeson! Legg upp ei gåta og set fram ein liknad åt Israels-lyden.
4Øvste kvisten braut han av og førde honom til eit kræmarland og sette honom ned i ein kjøpmannsby.
Cross References
Deuteronomy 28:49Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -
2 Kings 24:14Han førde burt heile Jerusalem, alle hovdingarne og godseigarne, ti tusund fangar, og alle grovsmedar og låssmedar. Det vart ikkje att anna enn fatigfolk i landet.
2 Kings 24:16og alle godseigarane: sju tusund, grovsmedar og låssmedar: eit tusund, alle i hop djerve hermenner, deim førde Babel-kongen burt til Babel.
Jeremiah 4:13Sjå, lik skyer kjem han upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, fljotare enn ørnar er hans hestar: Usæle me! Det er ute med oss.
Jeremiah 24:1Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.
Jeremiah 49:16Rædsla kome yver deg! Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergklypor, som klengjer deg fast til fjelltinden. Um du bygde reiret ditt so høgt som ørnen, so skulde eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.