Jeremias bok 24:1
Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 26:2då skal du taka noko av fyrstegrøda av alt som du avlar på der i landet, og leggja i ei korg, og fara til den staden Herren, din Gud, hev valt seg til bustad.
2 Kings 24:12Juda-kongen Jojakin gav seg då yver til Babel-kongen med mor si og tenarane og hovdingarne og hirdmennerne sine; og Babel-kongen tok honom til fange i åttande styringsår.
Jeremiah 13:19Byarne i Sudlandet er stengde, og ingen opnar deim. Alt Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.
Jeremiah 22:28Er då denne mannen Konja eit vanvyrdt, sundbrote fat, eller eit kjerald som ingen hev hugnad i? Kvi er dei burtkasta, han og avkjømet hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?
Jeremiah 29:2då kong Jekonja og kongsmori og hirdmennerne, dei høgste i Juda og Jerusalem og timbremennerne og smedarne var farne burt or Jerusalem.
Ezekiel 19:9Og dei sette honom i bur, med naseringar på, og førde honom til kongen i Babel. So sette dei honom i tjukkmura borger, for at ein aldri meir skulde høyra hans røyst burtpå Israelsfjelli.