Ezekiel 18:22
Alle hans misgjerningar som han hev gjort, skal vera gløymde; ved si rettferd som han gjorde, skal han liva.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 6:23so må du høyra frå himmelen og setja i verk og døma imillom tenararne dine, med di du gjev den skuldige attergjeld, og let honom lida for si åtferd, og frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd.
Psalms 19:11Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.
Psalms 32:1Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd!
Psalms 103:12So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss.
Jeremiah 31:34Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.
Ezekiel 18:24Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, alle slike styggjor som den ugudlege gjer, skulde han gjera det og liva? All hans rettferd som han gjorde, skal verta gløymd. For den truløysa han for med, for det skal han døy.