Jeremias bok 31:34
Då skal dei ikkje lenger læra kvar sin granne og kvar sin bror, og segja: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, segjer Herren; for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 28:9Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
Isaiah 11:9Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet.
Isaiah 30:26Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk.
Isaiah 33:24Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.
Isaiah 44:22Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.
Isaiah 54:13Og alle dine søner skal vera upplærde av Herren, og stor fred skal sønerne dine hava.