Ezekiel 20:41
For den gode angen skuld vil eg hava hugnad i dykk, når eg fører dykk ut frå folki og samlar dykk ut or landi der som de var spreidde, og helgar dykk framfor augo på folkeslagi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 1:9Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt.
Leviticus 1:17og so flekkja fuglen med vengjerne på; deim må han ikkje skjera av. Sidan skal presten brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden, so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som anger godt.
Numbers 20:13Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-sønerne tretta med Herren, og han synte deim si guddomsmagt.
Isaiah 11:11Og på den dagen skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, det som er att frå Assyria og Egyptarland og Patros og Ætiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrenderne.
Jeremiah 23:3Men sjølv vil eg samla det som er att av sauerne mine or alle dei landi som eg hev drive deim til, og venda deim attende til si eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast.
Jeremiah 30:18So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustaderne hans, og byen skal atter verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.