Ezekiel 23:35
Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di du gløymde meg og kasta meg attum din rygg, so ber då du med di skjemd og din hordom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 24:15Og til Israels-folket skal du segja: «Den som bannar sin Gud, lyt lida for syndi si,
Numbers 14:34Likso mange dagar som de for yver Kana’ans-landet, likso mange år skal de lida for broti dykkar, fyrti år, eit år for kvar dag, og de skal få kjenna korleis det er når eg vender meg frå dykk.
1 Kings 14:9men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.
Proverbs 30:9Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn.
Jeremiah 2:7Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom.
Jeremiah 3:21Ei røyst høyrest på dei snaudfjelli, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren, sin Gud.