Ezekiel 23:45
So skal då rettferdige menner døma deim etter lovi um horkonor, og um kvende som renner ut blod; for horkonor er dei, og det er blod på henderne deira.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 20:10Den som held seg med ei gift kona, med kona åt grannen sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med.
Deuteronomy 22:21so skal dei føra henne burt til døri til farshuset hennar, og mennerne der i byen skal steina henne i hel, for di ho hev gjort eit skjemdarverk og fare åt som ei skjøkja i huset åt far sin. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
Jeremiah 2:34Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg.
Lamentations 4:14Dei for og vildra i gatorne som blinde, sulka med blod, so ein ikkje kunde taka i klædi deira.
Ezekiel 23:36Og Herren sagde med meg: Menneskjeson! Vil du døma Åhåla og Åhåliba? Lat deim få vita sin styggedomen!
Hosea 6:5Difor hev eg gjeve hogg ved profetarne. Eg hev drepe deim med min munns ord, og domarane dine for ut som ljoset.