Ezekiel 29:3
Tala og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Farao, egyptarkonge, du, den store draken som ligg midt uti elvarne sine, og som segjer: «Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 8:17Seg ikkje med deg sjølv: «Det er mi eigi kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.»
Psalms 76:7Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.
Isaiah 27:1På den dagen skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Livjatan, den flogsnare ormen, og Livjatan, den krøkjande ormen, og han skal drepa sjøormen.
Jeremiah 44:30So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i henderne på deim som ligg honom etter livet, likeins som eg hev gjeve Sidkia, Juda-kongen, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, som var fienden hans og låg honom etter livet.»
Ezekiel 28:22Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg finna deg, Sidon, og eg vil syna meg herleg i deg. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg held dom yver det og helgar meg på det.
Ezekiel 32:2Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Farao, egyptarkongen, og seg til honom: Ei ungløva millom folki vilde du vera lik, og so var du som draken i havet, og du for fram i elvarne dine, og grugga upp vatnet med føterne dine og rota upp straumarne.