Ezekiel 29:5
Og eg skal kasta deg ut i øydemarki, deg og kvar ein fisk i elvarne dine. På berre marki skal du falla; du skal ikkje verta uppteken, ikkje uppsamla, dyri på jordi og fuglarne under himmelen skal få deg til mat.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 74:14Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki.
Jeremiah 7:33Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jord, og ingen skal skræma deim burt.
Jeremiah 16:4Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Jeremiah 34:20eg gjev deim i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Ezekiel 31:18Kven likjest du soleis på i herlegdom og storvyrda ibland Eden-trei? - So skal du då verta støypt med Eden-trei ned i nedheimen; midt imillom u-umskorne skal du liggja med deim som er slegne i hel med sverd. Dette er Farao og heile hans ståkande mengd, segjer Herren, Herren.
Ezekiel 39:4På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskararne dine og folkeslagi som er med deg. Til rovfuglar av alle slag og til villdyri på marki gjev eg deg til mat.