Ezekiel 31:12
Og framande, valdsmennerne millom folki, hev hogge honom ned og late honom liggja. På fjelli og i kvar ein dal fall hans kvister, og greinerne hans ligg sundbrotne nedi kvart eit gil i landet. Og alle folk på jord er stigne ned utor skuggen hans som gav deim livd, og hev late honom liggja.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 34:5For sverdet mitt hev vorte drukke i himmelen. Sjå, yver Edom skal det fara ned og yver mitt bannstøytte folk til dom.
Ezekiel 30:11Han og lyden hans med honom, valdsmennerne millom folki, skal verta henta til å herja landet. Og dei skal draga sine sverd mot Egyptarland og fylla landet med drepne menner.
Ezekiel 32:12Di ståkande hop vil eg lata falla for sverdi at kjempor, valdsmenner millom folki alle saman. Og dei skal tyna Egyptarlands ovmod, og all den ståkande hopen skal verta øydd.
Ezekiel 35:8Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd.
Daniel 4:11Ja, stort og veldugt var treet, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt alt til enderne av jordi.
Nahum 3:17Ja, fyrstarne dine er som grashoppar og hovdingarne dine som svermar av engtytor; dei slær læger i hegni med det er svalt. Men når soli kjem fram, flyg dei burt, og ingen veit kvar det vert av deim.