Ezekiel 35:8
Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7So vil eg då leggja Se’irfjellet i audn og øyde, og eg vil rydja ut or det både komande og farande.
Cross References
Isaiah 34:2For Herrens vreide er yver alle folki, og harmen hans yver all deira her. Han bannstøyter deim, gjev deim til slagting.
Ezekiel 32:4Eg vil kasta deg upp på land og burt på marki vil eg slengja deg, og eg vil gjeva alle himmelens fuglar tilhelde på deg og lata dyri på heile jordi metta seg med deg.
Ezekiel 32:6Og eg vil vatna landet som du sym i med blodet ditt, heilt upp til fjelli, og bekkjefari skal verta fulle av deg.