Ezekiel 32:4
Eg vil kasta deg upp på land og burt på marki vil eg slengja deg, og eg vil gjeva alle himmelens fuglar tilhelde på deg og lata dyri på heile jordi metta seg med deg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Eg vil kasta kjøtet ditt upp på fjelli og fylla dalarne med den store skrotten din.
Cross References
Psalms 63:10Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
Psalms 79:2Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr.
Psalms 110:5Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.
Isaiah 18:6Dei skal alle saman verta gjevne åt rovfuglarne på fjelli og åt dyri i marki; rovfuglarne skal der hava reiri sine um sumaren, og alle dyr på marki skal hava sitt tilhald der um vinteren.
Isaiah 34:3Og deira ihelslegne skal verta burtslengde, og teven av liki deira skal stiga upp, og fjelli skal fljota av blodet deira.
Jeremiah 8:2og breida deim ut for soli og for månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei for etter, og som dei søkte, og som dei tilbad. Dei vert ikkje samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.