Ezekiel 34:16
Det burtkomne vil eg leita upp, og det burtdrivne vil eg sanka, og det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; rett vil eg røkta deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Eg sjølv vil gjæta sauerne mine, og eg vil få deim til å roa seg, segjer Herren, Herren.
Cross References
Deuteronomy 32:15Jesjurun vart feit, og slo bakut, feit vart han, foreten og stinn; han skaut ifrå seg sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
Isaiah 5:17Og lamb gjeng der på beite som på si eigi mark, og aude tufter etter rikmennerne beiter framande av.
Isaiah 40:11Som hyrding gjæter buskap sin, han sankar deim i armen, smålambi ber ved barmen, og leider møderne vart og lint.
Isaiah 61:1Herrens, Herrens ande er yver meg, for Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei smålåtne, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar, og for dei bundne utløysing,
Jeremiah 10:24Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes.
Jeremiah 23:15Difor, so segjer Herren, allhers drott, um profetarne: Sjå, eg gjev deim malurt å eta og eitervatn å drikka. For ifrå profetarne i Jerusalem er gudløysa gjengi ut yver alt landet.