Ezekiel 36:10
Og eg vil føra ei mengd med menneskje upp på dykk, all Israels-lyden, og byarne skal atter få folk, og øydestaderne verta bygde å nyo.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9For sjå, eg vil finna dykk, eg vil snu meg åt dykk, og de skal verta dyrka og sådde.
Cross References
Isaiah 27:6I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt.
Isaiah 49:17Sønerne dine skundar seg hit, dei som braut deg i grus, fer burt frå deg.
Isaiah 52:9Set alle i med jubelrop, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, løyser ut Jerusalem.
Isaiah 61:4Dei skal byggja upp att gamle grushaugar, reisa upp att ruinar frå federne, nya upp att nedbrotne byar, øydegarder frå ætt til ætt.
Jeremiah 31:10Høyr Herrens ord, de folk, gjer det kunnigt på øyarne langt burte og seg: Han som spreidde Israel, vil samla det og gjæta det likeins som ein hyrding hjordi si.
Jeremiah 33:12So segjer Herren, allhers drott: Enn skal på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byarne her ikring vera hagelende for hyrdingar som der let sauerne roa seg.