Ezekiel 36:32
Ikkje for dykkar skuld gjer eg det, segjer Herren, Herren, det vere dykk kunnigt! De må blygjast og skjemmast av åtferdi dykkar, du Israels-lyd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 9:5Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdug og ærleg, at du skal koma dit og få landet deira, men for di dei er gudlause, driv Herren deim ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob.
Ezekiel 16:61Og du skal minnast dine vegar og blygjast, når du tek imot systerne dine, dei som er større enn du, og dei som er mindre enn du, og eg gjev deg deim til døtter, endå at dei ikkje var med i di pakt.
Ezekiel 36:22Seg difor med Israels-lyden: so segjer Herren, Herren: Ikkje for dykkar skuld, du Israels-lyd, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, som de hev vanhelga millom dei folki som de er komne til.
Romans 6:21Kva frukt hadde de so den tid? Slikt som de no skjemmest ved. For endelykti på deim er dauden.
Titus 3:3For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre.