Ezekiel 37:14
Og eg vil senda min ande i dykk, og de skal livna upp att, og eg vil lata dykk få bu i landet dykkar. Og de skal sanna at eg er Herren; eg hev tala og vil setja det i verk, segjer Herren.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Herrens ord kom til meg; han sagde:
Cross References
Ezekiel 11:19Og eg vil gjeva deim eitt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inn i deim. Og eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt, og eg vil gjeva deim eit kjøthjarta,
Ezekiel 22:14Kann hjarta ditt standa seg eller henderne dine vera fullsterke i dei dagarne då du fær med meg å gjera? Eg, Herren, hev tala og vil setja det i verk.
Ezekiel 36:36Og dei skal sanna, dei folki som vert att rundt ikring dykk, at eg, Herren, hev bygt upp att det nedrivne, hev planta i det aude landet. Eg, Herren, hev tala, og eg set det i verk.
Ezekiel 39:29So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for deim, for eg hev rent ut min ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Herren.
Zechariah 12:10Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen.
Romans 8:2For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi.