Ezekiel 39:29
So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for deim, for eg hev rent ut min ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 44:3For eg vil renna vatn yver det tyrste, og straumar yver det turre. Eg vil renna min ande ut yver di ætt, og yver ditt avkjøme mi velsigning.
Isaiah 54:8I ei harmflaga løynde eg mi åsyn for deg ei stund, men med æveleg nåde miskunnar eg deg, segjer Herren, utløysaren din.
Isaiah 59:21Og dette er den pakt som eg på mi sida gjer med deim, segjer Herren: Min ande som er yver deg, og mine ord som eg hev lagt deg i munnen, dei skal ikkje vika frå din munn, og ikkje frå munnen åt borni dine, og ikkje heller frå munnen åt barneborni dine, segjer Herren, frå no og i all æva.
Ezekiel 36:26Og eg vil gjeva dykk eit nytt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dykk, og eg vil taka burt steinhjarta or dykkar kjøt og gjeva dykk eit kjøthjarta.
Ezekiel 37:26Og eg vil gjera ei fredspakt med deim, ei ævepakt med deim skal det vera. Og eg vil busetja deim og lata deim aukast og setja min heilagdom midt ibland deim æveleg.
Joel 2:27Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren, dykkar Gud, og ingen annan, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.