Ezekiel 39:21
Og eg vil syna mitt storvelde millom folki, og alle folki skal sjå min dom, som eg hev halde, og mi hand, som eg hev lagt på deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22Og Israels-lyden skal sanna at eg er Herren, deira Gud, frå den dagen og framleides.
Cross References
Exodus 8:19Då sagde runemeistrarne med Farao: «Dette er Guds finger!» Men det gjekk som Herren sagde: Farao var like strid, og høyrde ikkje på deim.
Exodus 14:4Og eg vil herda hugen åt Farao, so han set etter deim; då skal eg syna magti mi på Farao og heile heren hans, og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» So gjorde dei som Herren sagde.
1 Samuel 5:11Dei sende då bod og stemnde alle filistarfyrstarne saman og sagde: «Send burt kista åt Israels Gud, og lat henne koma heim att til rette staden sin, og ikkje tyna meg og folket mitt!» Ein daudsens angest hadde gripe heile byen; for Guds hand låg ovtung på deim.
Psalms 32:4For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.
Isaiah 26:11Herre, høgt er handi di lyft, men dei ser det ikkje. Lat deim sjå brennhugen din for folket og skjemmast. Ja, eld øydde uvenerne dine!
Ezekiel 36:23Og eg vil helga mitt store namn som vart vanhelga millom folki med di de vanhelga det ibland deim. Og folki skal sanna at eg er Herren, segjer Herren, Herren, når eg helgar meg på dykk for augo deira.