Ezekiel 42:15
Og då han hadde gjort mælingi frå seg i det indre huset, fylgde han meg ut gjenom den porten som hadde framsida mot aust, og der mælte han rundt ikring.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Han mælte austsida med mælestongi: fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.
Cross References
Ezekiel 40:5Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Og mannen heldt mælestongi i handi, ho var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln. Og han mælte breiddi på muren: ei stong, og høgdi: ei stong.
Ezekiel 41:2Og dørgapet var ti alner breidt, og sideveggjerne innmed døri var fem alner på kvar sida. So mælte han lengdi på det: fyrti alner, og breiddi: tjuge alner.
Ezekiel 43:1So let han meg ganga til porten, den porten som snudde i aust.