Ezekiel 44:4
So let han meg koma gjenom nordporten og fram for huset. Og eg såg, og sjå, Herrens herlegdom fyllte Herrens hus. Og eg fall å gruve på mitt andlit.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 17:3Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med honom, og sagde:
Psalms 89:7For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner?
Ezekiel 1:28Liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og då eg fekk sjå det, fall eg ned på mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.
Ezekiel 10:4Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.
Ezekiel 11:22Då lyfte kerubarne vengjerne sine, og hjuli fylgde med deim. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.
Ezekiel 40:40Og innmed den ytre sideveggen som snudde i nord, når ein steig upp i port-inngangen, var det tvo bord, og innmed hin sideveggen på forhalli åt porten stod det og tvo bord.