Ezekiel 44:5
Då sagde Herren med meg: «Menneskjeson! Legg deg på hjarta og sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine alt det som eg segjer med deg um alle fyresegnerne og loverne um Herrens hus. Og du må hugfesta inngangen til huset og alle utgangarne frå heilagdomen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 12:32Alt det eg segjer dykk fyre, skal de gøyma i hjarta, og liva etter det; de må ingen ting leggja attåt, og ingen ting taka ifrå.
1 Chronicles 22:19So vend no dykkar hjarta og hug til å søkja Herren dykkar Gud, og tak til og bygg Herren Guds heilagdom, so de kann få føra Herrens sambandskista og alt det andre som høyrer til Guds heilagdom, inn i det huset som skal byggjast åt Herrens namn.»
Psalms 24:3Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?
Psalms 119:4Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel.
Ezekiel 40:4Og mannen tala til meg: «Menneskjeson! Sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine og hugfest alt det eg syner deg! For du er førd hit so eg kann få syna deg det. Kunngjer for Israels-lyden alt det du ser!»
Ezekiel 43:11Og når dei blygjest for alt det dei hev gjort, so skal du kunngjera for deim skapnaden på huset og skipnaden i det: utgangar og inngangar og skapnader på alt og alle fyresegnerne um alt, ja, all skapnaden og alle loverne um det; og rit det av framfor deira augo, so dei kann koma i hug heile skapnaden på huset og fyresegnerne um det, og gjera etter deim.