Ezekiel 46:2
Og fyrsten skal ganga inn vegen til port-forhalli utanfrå og stana attmed port-dørskii. Og prestarne skal ofra brennofferet hans og takkofferi hans, og han skal tilbeda på portdørstokken og sidan ganga ut att. Men porten skal ikkje stengjast fyrr det kveldar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 17:16Då gjekk kong David inn og sette seg ned for Herrens åsyn og sagde: «Kven er eg, Herre Gud, og kva er huset mitt, at du hev ført meg hit?
2 Chronicles 6:13For Salomo hadde gjort ein tram av kopar, fem alner lang, fem alner breid og tri alner høg, og hadde sett honom midt i garden; på den stod han; og han fall på kne framfyre heile Israels-lyden og breidde ut henderne mot himmelen,
2 Chronicles 29:29Då dei var ferdige med ofringi, fall kongen på kne og alle dei som var til stades med honom, og dei bad.
Ezekiel 44:3Men fyrsten, han er fyrste, han kann sitja der og eta brød framfor Herrens åsyn. Han skal ganga inn vegen til forhalli i porten, og same vegen skal han ganga ut att.»
Ezekiel 46:8Og når fyrsten gjeng inn, skal han ganga inn vegen til port-forhalli, og same vegen skal han ganga ut att.
Matthew 26:39Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»