Ezekiel 47:8
Og han sagde med meg: «Dette vatnet renn ut til austbygderne og fløymar ned i øydemarki. So fell det ut i havet. Når det er flødt ut i havet, vert vatnet der friskt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Då eg kom dit att, stod det på å-breiddi ei mengd med tre på den sida og hi sida.
Cross References
Deuteronomy 3:17og Moarne nedunder Pisgaliderne austanfor Jordanåi - for ho er landskilet der - frå Kinneret til Moavatnet, det som dei kallar Saltsjøen.
Joshua 3:16då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.
Isaiah 11:6Då skal ulven bu saman med lambet, og panteren liggja i lag med kidlingen; og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta deim.
Isaiah 35:7og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev.
Isaiah 43:20Dyri på marki skal æra meg, sjakalar og strussar, for eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt utvalde folk kann få drikka.
Isaiah 49:9Du skal segja til fangar: «Gakk ut!» Til deim i myrkret: «Kom fram!» Attmed vegarne skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beite.