Ezekiel 7:20
og den glimande prydnadsting av det hev dei bruka til storlæte, og dei hev gjort sine styggjelege bilæte av det, sine ufyselege avgudar; difor gjer eg det til saur for deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Judges 8:27Av gullet gjorde Gideon eit gudsbilæte. Det sette han upp i Ofra, heimbygdi si; heile Israel dyrka det der som ein avgud, og det vart til ulukka for Gideon og hans hus.
2 Kings 21:7Astarte-bilætet som han hadde laga, sette han i det huset som Herren hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.
1 Chronicles 29:1Og kong David sagde til heile lyden: «Salomo, son min, den einaste Gud hev valt ut, er ung og kløkk, og arbeidet er stort; for denne borgi er ikkje etla til eit menneskje, men til Gud Herren.
2 Chronicles 3:1So tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moriafjellet der Herren hadde openberra seg for David, far hans, på den staden som David hadde laga til på treskjaarvollen åt jebusiten Ornan.
2 Chronicles 36:14Alle hovdingarne bland prestarne og folket gjorde mykjen utruskap og for med same styggedomen som heidningarne og sulka til Herrens hus, som han hadde helga i Jerusalem.
Psalms 48:2Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.