Ezekiel 9:2
Og sjå, seks menner på vegen gjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og ein av deim hadde ein linklædnad på og eit skrivestell ved lendi. Og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 27:1Altaret skal du gjera av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt: firkanta skal altaret vera, og tri alner høgt.
Leviticus 16:4Og han skal klæda seg i ein vigd linkjole, og hava ei linbrok på seg næst kroppen, og binda eit linbelte kring livet, og sveipa eit linplagg kring hovudet; vigde klæde lyt det vera, og fyrr han tek deim på seg, skal han lauga likamen sin i vatn.
2 Chronicles 4:1Og han gjorde eit altar av kopar, tjuge alner langt, tjuge alner breidt og ti alner høgt.
Jeremiah 1:15For sjå, eg kallar på kvar ei ætt i riki der nord, segjer Herren. Og dei skal koma og setja kvar sin stol attmed inngangen til portarne i Jerusalem og mot alle murarne um det rundt ikring og mot alle byarne i Juda.
Jeremiah 5:15Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.