Ezra 3:11
Dei song lov og takk til Herren, av di han er god og hans miskunn mot Israel varer æveleg. Og alt folket sette i med høge fagnadrop, og prisa Herren av di grunnvollen var lagd til Herrens hus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:21Og Mirjam song fyre og kvad: Syng um Herren, for stor er han, stor! Hest og ridar i havet han støytte.
Joshua 6:10Men Josva sagde til folket: «De må ikkje ropa, og ikkje lata upp målet! Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar, fyrr den dagen eg segjer til dykk: «Ropa no!» Då skal de ropa.»
1 Chronicles 16:34Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
2 Chronicles 7:3Og då alle Israels-borni såg korleis elden for ned og Herrens herlegdom kom yver huset, då kasta dei seg på kne i den steinlagde garden med andlitet mot jordi og tilbad og lova Herren, for han er god, og hans miskunn varer æveleg.
Nehemiah 12:40So stelte dei seg upp i Guds hus båe songkorarne; like eins eg og helvti av formennerne med meg,
Psalms 47:1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.