Ezra 3:12
Men mange av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne, dei gamle som hadde set det fyrre huset, gret høgt då dei såg på at grunnvollen til dette huset vart lagd; men mange var so glade at dei ropa høgt av fagnad.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 126:6Dei gjeng av stad og græt og ber sitt såkorn. So kjem dei att med fagnadrop og ber sine kornband.
Isaiah 41:14Ver urædd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! «Eg hjelper deg», er Herrens ord, og Israels Heilage deg løyser.
Jeremiah 31:8Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.
Haggai 2:3Finst det endå nokon attlivande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?
Matthew 13:31So sette han fram ei likning til og sagde: «Himmelriket er likt eit senapskorn som ein mann tok og sette i hagen sin.