Ezra 6:21
Israels-sønerne som var komne heim att or utlægdi, åt då saman med alle som hadde skilt seg frå ureinskapen åt heidningarne i landet og slege lag med deim, av di dei vilde søkja Herren, Israels Gud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 9:6Det var nokre menner som hadde vorte ureine av eit lik, og ikkje kunde halda høgtid den dagen; dei gjekk same dagen fram for Moses og Aron
Numbers 9:14Og når ein framand som held til hjå dykk, vil halda påskehelg for Herren, so skal han og fylgja dei fyresegnerne og loverne som gjeld for påskehelgi. Det skal gjelda ei lov for dykk alle, for den framande so vel som den som den som er fødd og alen i landet.»»
Ezra 9:1Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne.
Nehemiah 9:2Israels-ætti skilde seg ut frå alle framandfolket, steig fram og sanna synderne sine og syndeskuldi åt federne sine.
Psalms 93:5Dine vitnemål er ovleg trufaste; heilagdom høver for huset ditt, Herre, so lenge som dagarne varer.
Ezekiel 36:25Og eg vil skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.