Ezra 6:5
So skal og alle kjerald av gull og sylv gjevast attende, dei som Nebukadnessar tok ut or templet i Jerusalem og førde med seg til Babel; dei skal koma til templet i Jerusalem, til sin rette stad, dei skal setjast inn i Guds hus.» -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 24:13Han førde burt derifrå alle skattar i Herrens hus og i kongsgarden. Han braut laust gullet av alle gognerne som Salomo, Israels konge, hadde laga åt Herrens tempel, soleis som Herren hadde sagt.
2 Chronicles 36:6Nebukadnessar, kongen i Babel, drog upp imot honom, og batt honom med koparlekkjor og vilde føra honom til Babel.
2 Chronicles 36:18Alle kjeraldi i Guds hus, både store og små, skattarne i Herrens hus og skatterne åt kongen og hovdingarne hans, alt saman førde han til Babel.
Ezra 5:14Kong Kyrus let og taka ut or templet i Babel dei kjerald av gull og sylv som Nebukadnessar hadde teke burt frå templet i Jerusalem og sidan sett inn i templet i Babel. Han gav deim til ein mann som heitte Sesbassar, som han hadde sett til jarl.
Jeremiah 27:18Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel.
Daniel 1:2Og Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans vald, og likeins sume av kjeraldi i Guds hus; han førde deim til Sinearlandet, til gudshuset sitt. Og kjeraldi flutte han inn i skattkammeret åt guden sin.