Ezra 9:8
Men no ei ørliti stund hev Herren, vår Gud, miskunna oss, so han hev berga ein leivning av oss og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, so han, vår Gud, kunde lata ljoset skina i augo våre, og me fekk ein liten livskveik i trældomen vår.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 14:27Jonatan hadde ikkje lydt på då far hans tok folket i eid; difor rette han ut staven han hadde i handi og duppa den eine enden i honningen, og førde so handi til munnen; han vart då bjartøygd att.
2 Kings 19:4Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»»
Ezra 9:9For trælar det er me; men endå hev Gud ikkje slept oss i trældomen, men hev late oss finna nåde for augo åt persarkongarne, so dei gav oss ein livskveik til å reisa upp att gudshuset vårt og byggja det upp frå røysi; dermed kunde me få ein innhegna bustad i Juda og Jerusalem.
Nehemiah 1:11Å Herre, lat øyra ditt agta på bøni frå tenaren din og bøni frå tenarane dine, dei som gjerne vil ottast ditt namn. Å, lat tenaren din hava lukka med seg i dag; lat meg finna medhug hjå denne mannen!» - Eg var den gongen skjenkjar hjå kongen.
Job 33:30og ber hans sjæl frå gravi burt, so livsens ljos kann lysa for han.
Psalms 13:4Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden,