Galatians 1:10
Talar eg no menneskje eller Gud til viljes, eller søkjer eg å gjera menneskje til lags? Vilde eg enno gjera menneskje til lags, var eg ikkje Kristi tenar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskjeverk;
Cross References
Matthew 22:16Dei sende læresveinarne sine til honom i lag med Herodes-mennerne og let deim segja: «Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk.
Acts 4:19Men Peter og Johannes svara og sagde til deim: «Døm sjølve, um det er rett for Guds åsyn å lyda dykk meir enn Gud!
Acts 12:20Han var storleg vreid på folket i Tyrus og Sidon. Men dei steig samrådde fram for honom, og då dei hadde vunne Blastus, ein hirdmann hjå kongen, bad dei um fred, av di landet deira hadde si næring frå kongens land.
Romans 2:8men deim som er stridsame og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, skal timast vreide og harm.
Romans 15:1Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.
2 Corinthians 5:9Difor, anten me er heime eller burte, set me vår æra i å vera honom til hugnad.