Galatians 3:19
Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
18For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad.
20men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.
Cross References
Exodus 20:19Og dei sagde til Moses: «Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!»
Exodus 34:27Og Herren sagde til Moses: «Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi vil eg gera eit samband med deg og med Israel.»
Deuteronomy 4:8Og kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev so rettvise lover og bod som heile denne lovi eg legg fram for dykk i dag?
Deuteronomy 5:22Desse ordi tala Herren på fjellet med høg røyst til heile lyden dykkar, midt utor elden og skyi og myrkret, og meir sagde han ikkje; og han skreiv dei på tvo steintavlor, og gav deim til meg.
Deuteronomy 9:25So låg eg då på kne for Herren alle dei fyrti dagarne og næterne som de veit; for Herren hadde sagt at han vilde tyna dykk.
Deuteronomy 33:2Han kvad: «Herren frå Sinai kom, steig upp for oss ifrå Se’ir, skein ifrå Parans heid, gjekk fram or dei heilage herar, og strålar frå handi hans strøymde.