Galatians 5:3
Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
For I testify again to every man that is circumcised, that he is a debtor to do the whole law.
In Context
2Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.
4De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.
Cross References
Deuteronomy 27:26«Forbanna vere den som ikkje held alle bodi i denne lovi, og ikkje liver etter deim!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»
Nehemiah 9:29Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Matthew 23:16Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: «Um ein sver ved templet, so er det’kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.»
Luke 16:28Eg hev fem brør, lat honom vitna for deim, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!»
Acts 20:21med di eg vitna både for jødar og grækarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.
Galatians 3:10For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»