Fyrste Mosebok 4:2
Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain var jorddyrkar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.
Cross References
Genesis 4:25Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.»
Genesis 30:29Og Jakob sagde med honom: «Du veit sjølv kor vel eg hev tent deg, og korleis bufeet ditt hev muna, medan eg hev stelt med det.
Genesis 46:32Og desse mennerne er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauerne og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.»
Exodus 3:1Moses han gjætte no buskapen åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. So var det ein gong han for langt atti heidi med fenaden, då kom han til Gudsfjellet, til Horeb.
Psalms 127:3Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.
Luke 11:51frå Abels blod til Zakarjas’ blod, han som let livet millom altaret og gudshuset. Ja, segjer eg dykk, det skal hemnast på denne ætti.