Habakkuk 1:9
På veg til vald er dei alle, samlyndt snur dei andlitet fram, og dei sankar fangar som sand.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:51dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, fyrr dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.
Job 29:18Eg sagde: «I reiret skal eg døy, med dagar talrike som sand.
Isaiah 27:8Med måte refste du henne, med du sende henne burt. Han dreiv henne burt med sitt harde ver, den dagen austanvinden bles.
Jeremiah 4:11I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.
Jeremiah 15:8Enkjorne deira vert fleire enn havsens sand; yver møderne til deira unge menner let eg ein tynar koma høgstedags leite, let rædsla og fælske dåtteleg koma yver deim.
Jeremiah 34:22Sjå, eg gjev deim det påbodet, segjer Herren, at dei skal snu tilbake til denne byen, og dei skal strida imot honom og taka honom og brenna honom upp i eld. Og byarne i Juda gjer eg til ei audn, der ingen bur.»