Habakkuk 1:8
Hestarne deira er rappare enn panterar og ramare enn ulvar um kvelden, og hestfolket deira kjem i rennande fart, hestfolket deira kjem langt burtanfrå, flyg som ørnen som fer etter åta.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Fælslege, skræmelege er dei, rett og velde råder dei seg sjølv.
9På veg til vald er dei alle, samlyndt snur dei andlitet fram, og dei sankar fangar som sand.
Cross References
Deuteronomy 28:49Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -
Isaiah 5:26Og han reiser eit hermerke for heidningfolki langt burte og blistrar honom hit frå enden av jordi, og sjå, snart og snøgt kjem han.
Jeremiah 5:6Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.
Ezekiel 17:3Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Den store ørnen med dei store vengjerne, dei lange slagfjørerne, og fjørhamen fullsett med spriklute fjører, kom til Libanon og tok toppen av cedertreet.
Hosea 8:1Til munnen din med luren! Som ein ørn yver Herrens hus! av di dei hev brote mi pakt og falle frå mi lov.
Zephaniah 3:3Hovdingarne der inne er burande løver, domarane hans er som ulvar um kvelden; dei sparar inkje til morgondagen.